mandag 25. juli 2011

Det gjer vondt!

Eitt samtalemne, berre eitt, same kven me møter: Landet vårt, me alle, er råka av meiningslaus vald. Ein ideologi full av hat mot islam, mot demokrati, mot alle våre verdiar, har skapt eit nådelaust mordarmonster.

Me i SV i Lærdal vil uttrykkja vår djupe sorg og medkjensle med alle medmenneske som har fått dette endå nærmare innpå seg enn me. Tankane våre går til alle døde og skadde og deira pårørande. Me ønskjer og å helsa og kondolera til våre lokale kollegaer i Arbeidarpartiet, og til alle som har tilknyting til Utøya-tradisjonen elles.

Jan Olav Fretland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar