onsdag 18. januar 2012

Velkomen til årsmøte måndag 30. januar kl. 19


Lærdal SV inviterer medlemer, listekandidatar og sympatisørar
til årsmøte og festmiddag på kafé Kort & Godt
måndag 30. januar klokka 19

Denne kvelden vil me feira det gode resultatet ved kommunevalet!

Program for kvelden:
Middag
Årsmøte, dessert & kaffi med påfyll



Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av møteleiar, skrivar og to til å skriva under møteboka.
3. Årsmelding.
4. Rekneskap.
5. Val (styre, varafolk, revisor og valnemnd)
6. Val av utsendingar til fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane
    SV 11. – 12. februar på Quality Hotel i Sogndal.
7. Innkomne saker.
8. Fråsegner.

På grunn av serveringa må me ha påmelding innan torsdag 26. januar
til Jan Børge telefon 48 24 99 64 eller epost janbmonsen@yahoo.no
Laget sponsar noko av maten, me betaler berre kr 150 kvar for gildet.

Me håpar de alle har høve til å koma på dette uvanleg festlege årsmøtet!
Ta gjerne med deg slekt og venner, slik at vi blir riktig mange!

Alle er velkomne!

For styret i Lærdal SV

Jens Rikheim
    -skrivar-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar