tirsdag 30. august 2011

TV2 Velgerguiden - Lærdal

Litt kjekt å se at i SV har de tre øverste kandidatene faktisk lagt inn sine profilopplysninger på TV2 Velgerguiden!

• Klikk HER for å se alle listekandidatene fra partiene i Lærdal.

Jan Olav Fretland som ordførar!

Vil du ha Jan Olav Fretland til ordførar i Lærdal dei neste fire åra?
Då må du nytta SV si liste ved valet!

Jan Olav er klar for oppgåva. Han har lang leiar- og organisasjonserfaring, er god på samarbeid og kjenner bygda godt.

Valtorg på Borgund og Ljøsne laurdag 3. september

Det vert valtorg på Borgund og på Ljøsne laurdag for alle partia.

På Borgund står me kl. 10–11.30 og på Ljøsne kl. 12.30–14.

Hjå SV får du spekeflesk, flatbrød, kaffi og mørk sjokolade - i tillegg til program og brosjyrar. Me deler godene!

Om du har innspel og synspunkt til oss, er du hjarteleg velkomen!

lørdag 27. august 2011

Frå valtorget laurdag 27. august

Fylkesleiar for SV i Sogn og Fjordane, Hege Lothe, var med på denne standen. Ho kjem frå Gloppen, kjenner godt til kampen for lokalsjukehusa og har fått eit nært forhold til Lærdal SV.

Lokallaga av Senterpartiet, Høgre, Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre samarbeidar om felles valtorg dei siste tre laurdagane før kommune-og fylkestingsvalet.


Då regnet kom, fekk me bruk for dei fine regnslaga frå SV! Frå venstre fylkesleiar Hege Lothe, 3. kandidat Jan Børge Monsen og 2. kandidat Bente Øien Hauge

SV serverte ekte valflesk, flatbrød, kaffi og mørk sjokolade.

Frå venstre 11. kandidat Bente O. Opsvik, 3. kandidat Jan Børge Monsen og SV-fylkesleiar Hege Lothe 

19. kandidat Kristin Bolstad skjerer valflesk medan 13. kandidat Rein Arne Golf diskuterar med Senterpartiet sin Jan Geir Solheim og Høgre sin Trond Øyen Einemo.

Ballongar må til!

2. kandidat Bente Øien Hauge i samtale med SV-fylkesleiar Hege Lothe og Høgres Trond Øyen Einemo


Astrid Trulssen frå Venstre delte ut valmateriell og grøne druer.

Program og brosjyrer frå Lærdal SV.

Lokallaga av Venstre, SV, Ap, H og Sp hadde felles valtorg utanfor Lærdal rådhus i dag med utdeling av valmateriell og mange innspel om styringa av kommunen.

Eg fekk med meg at folk er opptekne mellom anna er opptekne av:
- betre økonomistyring i kommunen
- betre mottaking av innflyttarar til kommunen
- betre arbeid med å kobla næringsliv, kultur og reiseliv
- meir aktivitet og innhald i kulturhuset/Villakssenteret/kunstsenteret
- betre stell og vedlikehald av gater og sentrum
- meir dialog med, og raskare svar frå, kommunen i ulike saker
- den nye vegen gjennom dalen, kva slags tunnelløysing partia vil gå inn for
- skulestruktur i kommunen

Mellom partia er samarbeidet i valkampen svært god. Eg trur det lovar svært godt for samarbeidet i komande kommunestyreperiode uansett kva parti som får ordføraren.

Komande laurdag skal det vera valtorg på Borgund og på Ljøsne.
  

Valtorg i dag - SV sin fylkesleiar Hege Lothe kjem!

I dag kan du treffa Lærdal SV, og dei andre partia, på valtorg på Lærdalsøyri kl. 11-14. Du kan då få programmet vårt - og litt valflesk!
I tillegg kjem SV sin fylkesleiar Hege Lothe for å vere med heilt fram til kl. 14.
Dette er eit godt høve til  gje oss innspel og spørja oss ut om kommune- og fylkespolitikken til SV! Hjarteleg velkomen til politisk diskusjon!

fredag 26. august 2011

SV-blogg frå Bremanger

SV sin ordførarkandidat Isabel frå Bremanger bloggar om nynorsk her.

På bloggen vil ho òg ta for seg andre politiske emne, sjå hovudsida til bloggen hennar her.

tirsdag 23. august 2011

SVs landsmøte med arbeidsgivergaranti - til oppfølging i kommunene!


Kompetente ansatte med skikkelige lønns- og arbeidsbetingelser er avgjørende for å sikre gode omsorgstilbud og trygge oppvekstvilkår i kommunene. Både for å rekruttere nok kompetente ansatte til barnehager, skoler og sykehjem, og for å sikre høy kvalitet på tjenestene. 
Derfor skal våre lokale folkevalgte være garantister for en god kommunal arbeidsgiverpolitikk. 
Før lokalvalget i 2011 gir SVs landsmøte følgende arbeidsgivergaranti til velgerne:


1.   Vi skal arbeide for at alle kommunalt ansatte som ønsker det får tilbud om heltidsstillinger

2.   Vi skal arbeide aktivt mot alle former for sosial dumping

3.   Vi skal si nei til privatisering og konkurranseutsetting av kommunale tjenester. Velferden skal utføres av det offentlige med ideelle aktører som supplement, ikke av kommersielle selskaper

4.   Vi skal arbeide for å redusere bruken av midlertidige stillinger og vikarer til et minimum

5.   Vi skal arbeide for økt åpenhet og dialog med de ansatte i kommunen, og for et nært og forpliktende samarbeid med fagbevegelsen

6.   Vi skal arbeide for å styrke ansattes ytringsfrihet og styrke varslernes stilling, blant annet gjennom å vedta en varslerplakat.

7.   Vi skal arbeide for likelønn i kommuner og fylkeskommuner, blant annet gjennom å foreslå forpliktende planer for likelønn

8.   Vi skal samarbeide med fagbevegelsen om tiltak for å øke kompetansen og bidra til etterutdanning hos kommunalt ansatte

9.   Vi skal arbeide for at all vikarbruk i kommunen gjennomgås, for å sikre at all bruk av vikarer og midlertidige ansatte er i tråd med lovverk og tariffavtaler

10.  Vi skal arbeide for forsøk med sekstimerdagen.

11.  Vi skal arbeide for flere kvinner i ledende stillinger

SVs arbeidsgivergaranti skal legge grunnlaget for en kommune med et arbeidsliv som inkluderer og sikrer at folk både kommer i jobb og klarer å stå i jobb. SV er den fremste garantisten for opprettholdelse og sikring av gode velferdsordninger, slik som en god uførepensjon, som gir trygghet for inntekt når helsen ikke tillater deltagelse i arbeidslivet lenger.