![]() |
Fylkesleiar for SV i Sogn og Fjordane, Hege Lothe, var med på denne standen. Ho kjem frå Gloppen, kjenner godt til kampen for lokalsjukehusa og har fått eit nært forhold til Lærdal SV. |
![]() |
Lokallaga av Senterpartiet, Høgre, Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre samarbeidar om felles valtorg dei siste tre laurdagane før kommune-og fylkestingsvalet. |
![]() |
Då regnet kom, fekk me bruk for dei fine regnslaga frå SV! Frå venstre fylkesleiar Hege Lothe, 3. kandidat Jan Børge Monsen og 2. kandidat Bente Øien Hauge |
![]() |
SV serverte ekte valflesk, flatbrød, kaffi og mørk sjokolade. |
![]() |
Frå venstre 11. kandidat Bente O. Opsvik, 3. kandidat Jan Børge Monsen og SV-fylkesleiar Hege Lothe |
![]() |
19. kandidat Kristin Bolstad skjerer valflesk medan 13. kandidat Rein Arne Golf diskuterar med Senterpartiet sin Jan Geir Solheim og Høgre sin Trond Øyen Einemo. |
![]() |
Ballongar må til! |
![]() |
2. kandidat Bente Øien Hauge i samtale med SV-fylkesleiar Hege Lothe og Høgres Trond Øyen Einemo |
![]() |
Astrid Trulssen frå Venstre delte ut valmateriell og grøne druer. |
![]() |
Program og brosjyrer frå Lærdal SV. |
Eg fekk med meg at folk er opptekne mellom anna er opptekne av:
- betre økonomistyring i kommunen
- betre mottaking av innflyttarar til kommunen
- betre arbeid med å kobla næringsliv, kultur og reiseliv
- meir aktivitet og innhald i kulturhuset/Villakssenteret/kunstsenteret
- betre stell og vedlikehald av gater og sentrum
- meir dialog med, og raskare svar frå, kommunen i ulike saker
- den nye vegen gjennom dalen, kva slags tunnelløysing partia vil gå inn for
- skulestruktur i kommunen
Mellom partia er samarbeidet i valkampen svært god. Eg trur det lovar svært godt for samarbeidet i komande kommunestyreperiode uansett kva parti som får ordføraren.
Komande laurdag skal det vera valtorg på Borgund og på Ljøsne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar