tirsdag 16. august 2011

Landbruket i Lærdal og ny E16 frå Håbakken til Stuvane




Kraftig folkeauke og klimaproblem gjer at verda står ovafor store utfordringar når det gjeld framtidig mattilgang. Regjeringa seier difor at det stadig blir viktigare at alle land prioriterar eiga matforsyning. I eit brev datert 19.11.2010, som er sendt ut til alle kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn, understrekar landbruksministaren kommunane sitt ansvar for å ta vare på jordressursane.

Regjeringa har ein nasjonal målsetting om å halvere omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane, og det er kommunane som må sjå til at nasjonale jordvernmål vert nådd gjennom planlegging og forvalting lokalt. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier til dømes følgjande i sin ”Jordvernstrategi for Sogn og Fjordane”:
Bygging av nye og utviding av eksisterande vegar må skje slik at ein sparar mest mogeleg dyrka jord og verdifulle kulturlandskap, og unngår oppstykking av gardsbruk og jordbruksområde”.

Norge må altså ta ansvar for den globale matvaretilgangen gjennom lokal planlegging og forvalting. Lærdal SV har programfesta støtte til jordbruket, særleg gjennom Lærdal Grønt og andre fellestiltak. Me vil difor gå mot utbygging av godt jordbruksareal.

Lærdal har naturgitte føremon som gjev dalen gode kår for dyrking av ulike kulturar og difor konkurransefortrinn i marknaden, som det er vanskeleg for andre å kopiera. Dalen er forma som ein U-dal med bratte fjellsider og moreneryggar, og i dalbotnen renn elva. Regnskuggeeffekt gjer dalføret til eit av områda i landet med minst nedbør. Dalen vert som eit naturleg drivhus, og mikroklimaet på einskilde plassar eignar seg spesielt godt til dyrking av til dømes frukt, moreller og bringebær. Lærdal er av dei fyrste som leverar tidlegpotet og dei siste som leverar moreller, noko som sikrar god forteneste på desse produkta.

Bygging av ny E16 gjennom dalen kan få store konsekvensar for jordbruket i bygda vår. Ein ny trasé i dagen vil føre til at mange bønder mister relativt store delar av sitt beste produksjonsareal for frukt og grønt, og framtidige produksjonsareal forsvinn. Det vert lite rom for ekspansjon. Ein veg i dagen vil og føre til praktiske ulemper når det gjeld tilkomst og drift av attverande jordbruksareal, marginale jordbruksareal vert enno mindre og små restteigar vert ikkje lenger drivverdige med dagens maskiner og utstyr. Jordbruket i Lærdal har allereie for lite tilgang til produksjonsareal. Ein kvar reduksjon av arealgrunnlaget og redusert dyrking vil trua det økonomiske grunnlaget for til dømes Lærdal Grønt, og dermed også true dyrkarar utanom planområdet Håbakken-Stuvane. Redusert volum vil gjera det vanskeleg for verksemda å vidareutvikle pakkeriverksemda og konkurransekrafta til næringa i dalen.

Skal Lærdal bidra til å fylle dei nasjonale måla om jordvern og matvaresikkerheit, og samstundes sikre økonomien til landbruksnæringa i dalen, må ny E16 frå Håbakken til Stuvane i størst mogeleg grad gå i tunnel.

Ine Nyseth, 4. kandidat

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar