fredag 2. september 2011

Lærdal SV: Program for 2011-2015


Kjære veljar
Dei overordna prinsippa for Sosialistisk Venstreparti ligg til grunn for haldningane våre også i lokalpolitikken. Du finn eit raudgrønt program, som legg vekt på sosial rettferd, gode oppvekstkår og miljøvern. I tillegg har hendingane 22. juli gjort at programmet er mildare i forma enn det kanskje hadde vore elles. Samarbeid om gode løysingar og vern om demokratiet må vera viktig arbeid i Lærdal 2011-2015.
Lærdal er ein god kommune å bu i. Men me trur mykje kan gjerast betre enn i dag, både når det gjeld helse og velferd, nærings- og kulturliv og miljøsaker. Dette krev openheit og samarbeid på tvers av parti og ulike etatar. Me er klare! 
Som opposisjonspolitikarar utan plass i formannskapet i denne perioden har me hatt som mål å vera kritiske, men konstruktive.  I somme saker har me stemt med fleirtalet, 
i andre saker har me vore i mindretal. 
Me har vore positive til Sogn kunstsenter og lydstudioet i kulturhuset. Men me har vore meir restriktive enn fleirtalet i nokre kraftutbyggingssaker. Me har etterlyst meir satsing på Gamle Lærdalsøyri. Og me har vore kritiske til at kommuneleiinga ikkje har vore gode nok på interkommunalt samarbeid og økonomistyring. 
SV har hatt eit viktig rolle i kontrollutvalet i denne perioden, både i høve til rapportane om overskridingane på alders- og sjukeheimen og i samband med problema i kommuneleiinga ifjor
Lærdal SV har dei siste fire åra hatt to representantar i kommunestyret. No har me som mål å få inn langt fleire. Eit styrka SV vil gagna innbyggjarane i Lærdal, meiner me. Og vår toppkandidat Jan Olav Fretland er godt kvalifisert til ordførarvervet. 
Les programmet vårt, møt opp på valtorga og spør oss - og so håpar me at du gjev di røyst til lista vår! 


Styre og stell
I eit stadig meir innfløkt samfunn er det viktig at me utviklar samarbeidet med nabokommunane. I det siste har det vore lite samarbeid mellom kommunane i Sogn Regionråd. Lærdal SV ønskjer å utvida samarbeidet og få til ei felles forståing for kva samarbeidet skal innehalda, slik at Årdal og kan komma inn att i regionrådet. Me ønskjer også å få til forpliktande samarbeid mellom ÅLAV-kommunane på stadig nye felt. 
Me har inntrykk av at dei folkevalde får stadig mindre å seia for styringa av dei ulike tenesteeiningane. Fleire rapportar har synt at det er for dårleg styring med større byggjeprosjekt. SV ønskjer å sjå på om kommen skal gjenoppretta nokre av dei politiske utvala me hadde før, til dømes felles byggjenemnd, eit oppvekstutval, eit helse- og sosialutval osv.  
I perioden 2011–2015 møter Lærdalssamfunnet store utfordringar. Me har ei svært høg lånegjeld, og driftsutgiftene i kommunen er vesentleg høgre enn kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. Lærdal SV vil bidra til å få betre kontroll over utgiftene og sjå til at nye investeringar er godt gjennomtenkte og kvalitetssikra. Samstundes er det viktig at eventuelle innstrammingar ikkje råkar dei svakaste gruppene i bygdene våre. 
Lærdal SV vil mellom anna arbeida for at:
Barn og unge skal ha det godt, med
• full barnehagedekning og rimelege satsar
• skule både på Borgund, Ljøsne og Lærdalsøyri. Lærdal SV vil likevel drøfta strukturendringar og i utgangspunktet gå inn for éin ungdomsskule i kommunen av pedagogiske grunnar
• vidareføring av skulefritidsordninga ved alle skulane. SV ønskjer å sjå på om det kan utviklast eit barnehagetilbod, til dømes ein naturbarnehage, knytt til Ljøsne skule
• å sikra ein trygg E16 for barna
• gode vilkår for musikk- og kulturskule, som gjev ferdigheiter og glede
• å halda oppe og utvikla rusfrie og spennande fritidstilbod til ungdom, på Kosen og elles i bygda

Me skal tenkja grøn energi, med
• offentleg styring av energipolitikken med utgangspunkt i energi- og miljø- planen. 
• å leva etter den samla planen som kommunestyret har vedteke for vasskraftutbygging i Lærdal. Viktige landemerke som Stødnafossen, (”Lærdals slips”), Jutlaelvi, Sokni og Bøafossen må framleis renna fritt!
• satsing på alternative energiformer. Nye bustadfelt og offentlege utbyggingar skal planleggjast med vassboren energi eller andre miljøvenlege løysingar.
• eit toprissystem på straum, slik at dei som har eit høgt privatforbruk skal betala meir
• å utvikla arbeidet for at kommunen og andre skal kjøpa elbilar/bilar som går på bioenergi, når slike er tilgjengelige
• å innføra merkjevarenamnet ”Den grøne kommunen” på Lærdal att
Me skal engasjera oss sterkt i arbeidet med omstilling og ny utvikling i Lærdal, med
• å bruka krefter på omstillingsprosjekta som kommunen har sett i gang, med sikte på eit ”Vendepunkt” for kommunen. 
• å utvikla strategisk næringsplan både for å sikra eksisterande arbeidsplassar og utvikla nye. Det skal bli liv i tomme butikkvindauge på Øyri
• å gå inn for konkrete prosjekt som kan sikra og utvikla kompetansearbeidsplassane kommunen har ved Lærdal sjukehus og Opplysninga 1881
• at Lærdal framleis skal vera helsekommunen i Sogn
• å arbeida for betra vilkår for dei som pendlar til nabokommunane (pendlarkort, fleire pendlarruter, tilrettelegging i barnehage osv.)
• vidare satsing på reiselivet og verdsarvstatusen
• utvikla vegstasjonen, td. som næringshage
• utvikla Håbakken som knutepunkt
• arbeida for at kommunen har ein fast reserve på 4-5 % av driftsbudsjettet til å møta utfordringar på arbeidsplassar, eldreomsorg osv.
• støtta jordbruket, særleg gjennom Lærdal Grønt og andre fellestiltak. Me vil òg gå mot nedbygging av godt jordbruksareal
• støtta næringsutvikling og busetnad på Borgund, t.d. «Borgund Utvikling»
• satsing på nye bustadfelt med både hus og leilegheiter, fortetting på/nær Lærdalsøyri og nye bustadtomter elles i kommunen. 
• støtta Kom heimatt-helga, dei gode initiativa frå Ungdomsrådet og andre prosjekt for å snu straumen 
Me vil ha eit godt sikkerheitsnett for dei som treng det. SV vil derfor m.a.
• at det offentlege skal ha ansvar å sikra gode helse- og sosialtenester for alle, uavhengig av kva ein kan betala for seg
• styrkja tilbodet og støtteordningane til barn, unge og vaksne som slit med psykiske lidingar
• følgja opp planane i kommunen for psykisk helsearbeid og den førebyggjande barne- og ungdomsplanen
• stø arbeidet med omstilling i pleie- og omsorg, og sikra ressursane til dei mest pleietrengande på alders- og sjukeheimen
• gje Aktivitetshuset betre lokale
• sikra at kyrkjer og kyrkjegardar blir haldne i stand og at kyrkja framleis blir sikra ressursar til viktig kultur- og barne- og ungdomsarbeid
• innføra ordninga frå forrige periode, med at ordførar og andre har faste kaffistunder der folk kan komma fram med ønske og synspunkt. Me vil òg ha ei fast spalte for ønske og kommentarar på nettsida til kommunen. 

Natur, kultur og miljø skal kjenneteikna verdsarvkommunen Lærdal, og me vil
• ta vare på det me har att av urørd natur for komande generasjonar
• gjera økologisk og annan miljømerkt mat til eige satsingsområde, med utgangspunkt i prosjektarbeidet kommunen alt driv
• satsa på energisparing og ta miljøomsyn i alle kommunale bygg
• gje støtte til enøk-tiltak
• fylla Sogn kunstsenter med aktivitet og slik sikra kommunen og reiselivet ein ny fot å stå på
• halda fram satsinga på Gamle Lærdalsøyri og reiselivssamarbeidet i regionen
Lærdal skal gjera seg fortent til tittelen Internasjonal kommune, og me vil
• utvikla det vellukka samarbeidet med Jeriko, slik at både lærdøler og palestinarar kjenner at det handlar om likeverd og solidaritet
• ta opp att «Rettferdig Handel»-systemet, som har lege nede siste åra i Lærdal kommune
• arbeida for at flyktningar og innvandrarar skal vera velkomne til kommunen og få tilbod om opplæring, arbeid og bustad.
• arbeida for å ta imot innflyttarar, både norske og utanlandske, på ein annan måte, mellom anna med å etablera faste møteplassar for nye lærdøler





Programmet vårt?

Me har fått nokre reaksjonar på at me har sendt ut til husstandane ei brosjyre med presentasjon av kandidatane og noko me har kalt "verdipapir" - men ikkje sjølve det politiske programmet. Lærdal SV tek sjølvkritikk på den avgjerda, den var litt forhasta. Me beklagar!

Programteksten er no lagt ut på bloggen her (over).

Programmet vårt er også tilgjengeleg på SV sine partisider ("SV-der-du-bor"), men førebels litt vanskeleg å finne fram til. Me arbeidar med saka og vil leggja ut lenke så snart det er klart!

Du får også det trykte programmet vårt på valtorga:
• laurdag 3. september (Borgund 10–11.30, Ljøsne 12.30–14)  og
• 10. september (Lærdalsøyri 11–14).

Om du ynskjer det, kan du gjerne få Lærdal SV sitt program tilsendt som pdf-fil. Send ein epost, så ordnar me det!


Venleg helsing
Bente Øien Hauge, 2. kandidat

tirsdag 30. august 2011

TV2 Velgerguiden - Lærdal

Litt kjekt å se at i SV har de tre øverste kandidatene faktisk lagt inn sine profilopplysninger på TV2 Velgerguiden!

• Klikk HER for å se alle listekandidatene fra partiene i Lærdal.

Jan Olav Fretland som ordførar!

Vil du ha Jan Olav Fretland til ordførar i Lærdal dei neste fire åra?
Då må du nytta SV si liste ved valet!

Jan Olav er klar for oppgåva. Han har lang leiar- og organisasjonserfaring, er god på samarbeid og kjenner bygda godt.

Valtorg på Borgund og Ljøsne laurdag 3. september

Det vert valtorg på Borgund og på Ljøsne laurdag for alle partia.

På Borgund står me kl. 10–11.30 og på Ljøsne kl. 12.30–14.

Hjå SV får du spekeflesk, flatbrød, kaffi og mørk sjokolade - i tillegg til program og brosjyrar. Me deler godene!

Om du har innspel og synspunkt til oss, er du hjarteleg velkomen!

lørdag 27. august 2011

Frå valtorget laurdag 27. august

Fylkesleiar for SV i Sogn og Fjordane, Hege Lothe, var med på denne standen. Ho kjem frå Gloppen, kjenner godt til kampen for lokalsjukehusa og har fått eit nært forhold til Lærdal SV.

Lokallaga av Senterpartiet, Høgre, Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre samarbeidar om felles valtorg dei siste tre laurdagane før kommune-og fylkestingsvalet.


Då regnet kom, fekk me bruk for dei fine regnslaga frå SV! Frå venstre fylkesleiar Hege Lothe, 3. kandidat Jan Børge Monsen og 2. kandidat Bente Øien Hauge

SV serverte ekte valflesk, flatbrød, kaffi og mørk sjokolade.

Frå venstre 11. kandidat Bente O. Opsvik, 3. kandidat Jan Børge Monsen og SV-fylkesleiar Hege Lothe 

19. kandidat Kristin Bolstad skjerer valflesk medan 13. kandidat Rein Arne Golf diskuterar med Senterpartiet sin Jan Geir Solheim og Høgre sin Trond Øyen Einemo.

Ballongar må til!

2. kandidat Bente Øien Hauge i samtale med SV-fylkesleiar Hege Lothe og Høgres Trond Øyen Einemo


Astrid Trulssen frå Venstre delte ut valmateriell og grøne druer.

Program og brosjyrer frå Lærdal SV.

Lokallaga av Venstre, SV, Ap, H og Sp hadde felles valtorg utanfor Lærdal rådhus i dag med utdeling av valmateriell og mange innspel om styringa av kommunen.

Eg fekk med meg at folk er opptekne mellom anna er opptekne av:
- betre økonomistyring i kommunen
- betre mottaking av innflyttarar til kommunen
- betre arbeid med å kobla næringsliv, kultur og reiseliv
- meir aktivitet og innhald i kulturhuset/Villakssenteret/kunstsenteret
- betre stell og vedlikehald av gater og sentrum
- meir dialog med, og raskare svar frå, kommunen i ulike saker
- den nye vegen gjennom dalen, kva slags tunnelløysing partia vil gå inn for
- skulestruktur i kommunen

Mellom partia er samarbeidet i valkampen svært god. Eg trur det lovar svært godt for samarbeidet i komande kommunestyreperiode uansett kva parti som får ordføraren.

Komande laurdag skal det vera valtorg på Borgund og på Ljøsne.
  

Valtorg i dag - SV sin fylkesleiar Hege Lothe kjem!

I dag kan du treffa Lærdal SV, og dei andre partia, på valtorg på Lærdalsøyri kl. 11-14. Du kan då få programmet vårt - og litt valflesk!
I tillegg kjem SV sin fylkesleiar Hege Lothe for å vere med heilt fram til kl. 14.
Dette er eit godt høve til  gje oss innspel og spørja oss ut om kommune- og fylkespolitikken til SV! Hjarteleg velkomen til politisk diskusjon!