fredag 2. september 2011

Lærdal SV: Program for 2011-2015


Kjære veljar
Dei overordna prinsippa for Sosialistisk Venstreparti ligg til grunn for haldningane våre også i lokalpolitikken. Du finn eit raudgrønt program, som legg vekt på sosial rettferd, gode oppvekstkår og miljøvern. I tillegg har hendingane 22. juli gjort at programmet er mildare i forma enn det kanskje hadde vore elles. Samarbeid om gode løysingar og vern om demokratiet må vera viktig arbeid i Lærdal 2011-2015.
Lærdal er ein god kommune å bu i. Men me trur mykje kan gjerast betre enn i dag, både når det gjeld helse og velferd, nærings- og kulturliv og miljøsaker. Dette krev openheit og samarbeid på tvers av parti og ulike etatar. Me er klare! 
Som opposisjonspolitikarar utan plass i formannskapet i denne perioden har me hatt som mål å vera kritiske, men konstruktive.  I somme saker har me stemt med fleirtalet, 
i andre saker har me vore i mindretal. 
Me har vore positive til Sogn kunstsenter og lydstudioet i kulturhuset. Men me har vore meir restriktive enn fleirtalet i nokre kraftutbyggingssaker. Me har etterlyst meir satsing på Gamle Lærdalsøyri. Og me har vore kritiske til at kommuneleiinga ikkje har vore gode nok på interkommunalt samarbeid og økonomistyring. 
SV har hatt eit viktig rolle i kontrollutvalet i denne perioden, både i høve til rapportane om overskridingane på alders- og sjukeheimen og i samband med problema i kommuneleiinga ifjor
Lærdal SV har dei siste fire åra hatt to representantar i kommunestyret. No har me som mål å få inn langt fleire. Eit styrka SV vil gagna innbyggjarane i Lærdal, meiner me. Og vår toppkandidat Jan Olav Fretland er godt kvalifisert til ordførarvervet. 
Les programmet vårt, møt opp på valtorga og spør oss - og so håpar me at du gjev di røyst til lista vår! 


Styre og stell
I eit stadig meir innfløkt samfunn er det viktig at me utviklar samarbeidet med nabokommunane. I det siste har det vore lite samarbeid mellom kommunane i Sogn Regionråd. Lærdal SV ønskjer å utvida samarbeidet og få til ei felles forståing for kva samarbeidet skal innehalda, slik at Årdal og kan komma inn att i regionrådet. Me ønskjer også å få til forpliktande samarbeid mellom ÅLAV-kommunane på stadig nye felt. 
Me har inntrykk av at dei folkevalde får stadig mindre å seia for styringa av dei ulike tenesteeiningane. Fleire rapportar har synt at det er for dårleg styring med større byggjeprosjekt. SV ønskjer å sjå på om kommen skal gjenoppretta nokre av dei politiske utvala me hadde før, til dømes felles byggjenemnd, eit oppvekstutval, eit helse- og sosialutval osv.  
I perioden 2011–2015 møter Lærdalssamfunnet store utfordringar. Me har ei svært høg lånegjeld, og driftsutgiftene i kommunen er vesentleg høgre enn kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. Lærdal SV vil bidra til å få betre kontroll over utgiftene og sjå til at nye investeringar er godt gjennomtenkte og kvalitetssikra. Samstundes er det viktig at eventuelle innstrammingar ikkje råkar dei svakaste gruppene i bygdene våre. 
Lærdal SV vil mellom anna arbeida for at:
Barn og unge skal ha det godt, med
full barnehagedekning og rimelege satsar
skule både på Borgund, Ljøsne og Lærdalsøyri. Lærdal SV vil likevel drøfta strukturendringar og i utgangspunktet gå inn for éin ungdomsskule i kommunen av pedagogiske grunnar
vidareføring av skulefritidsordninga ved alle skulane. SV ønskjer å sjå på om det kan utviklast eit barnehagetilbod, til dømes ein naturbarnehage, knytt til Ljøsne skule
å sikra ein trygg E16 for barna
gode vilkår for musikk- og kulturskule, som gjev ferdigheiter og glede
å halda oppe og utvikla rusfrie og spennande fritidstilbod til ungdom, på Kosen og elles i bygda

Me skal tenkja grøn energi, med
offentleg styring av energipolitikken med utgangspunkt i energi- og miljø- planen. 
å leva etter den samla planen som kommunestyret har vedteke for vasskraftutbygging i Lærdal. Viktige landemerke som Stødnafossen, (”Lærdals slips”), Jutlaelvi, Sokni og Bøafossen må framleis renna fritt!
satsing på alternative energiformer. Nye bustadfelt og offentlege utbyggingar skal planleggjast med vassboren energi eller andre miljøvenlege løysingar.
eit toprissystem på straum, slik at dei som har eit høgt privatforbruk skal betala meir
å utvikla arbeidet for at kommunen og andre skal kjøpa elbilar/bilar som går på bioenergi, når slike er tilgjengelige
å innføra merkjevarenamnet ”Den grøne kommunen” på Lærdal att
Me skal engasjera oss sterkt i arbeidet med omstilling og ny utvikling i Lærdal, med
å bruka krefter på omstillingsprosjekta som kommunen har sett i gang, med sikte på eit ”Vendepunkt” for kommunen. 
å utvikla strategisk næringsplan både for å sikra eksisterande arbeidsplassar og utvikla nye. Det skal bli liv i tomme butikkvindauge på Øyri
å gå inn for konkrete prosjekt som kan sikra og utvikla kompetansearbeidsplassane kommunen har ved Lærdal sjukehus og Opplysninga 1881
at Lærdal framleis skal vera helsekommunen i Sogn
å arbeida for betra vilkår for dei som pendlar til nabokommunane (pendlarkort, fleire pendlarruter, tilrettelegging i barnehage osv.)
vidare satsing på reiselivet og verdsarvstatusen
utvikla vegstasjonen, td. som næringshage
utvikla Håbakken som knutepunkt
arbeida for at kommunen har ein fast reserve på 4-5 % av driftsbudsjettet til å møta utfordringar på arbeidsplassar, eldreomsorg osv.
støtta jordbruket, særleg gjennom Lærdal Grønt og andre fellestiltak. Me vil òg gå mot nedbygging av godt jordbruksareal
støtta næringsutvikling og busetnad på Borgund, t.d. «Borgund Utvikling»
satsing på nye bustadfelt med både hus og leilegheiter, fortetting på/nær Lærdalsøyri og nye bustadtomter elles i kommunen. 
støtta Kom heimatt-helga, dei gode initiativa frå Ungdomsrådet og andre prosjekt for å snu straumen 
Me vil ha eit godt sikkerheitsnett for dei som treng det. SV vil derfor m.a.
at det offentlege skal ha ansvar å sikra gode helse- og sosialtenester for alle, uavhengig av kva ein kan betala for seg
styrkja tilbodet og støtteordningane til barn, unge og vaksne som slit med psykiske lidingar
følgja opp planane i kommunen for psykisk helsearbeid og den førebyggjande barne- og ungdomsplanen
stø arbeidet med omstilling i pleie- og omsorg, og sikra ressursane til dei mest pleietrengande på alders- og sjukeheimen
gje Aktivitetshuset betre lokale
sikra at kyrkjer og kyrkjegardar blir haldne i stand og at kyrkja framleis blir sikra ressursar til viktig kultur- og barne- og ungdomsarbeid
innføra ordninga frå forrige periode, med at ordførar og andre har faste kaffistunder der folk kan komma fram med ønske og synspunkt. Me vil òg ha ei fast spalte for ønske og kommentarar på nettsida til kommunen. 

Natur, kultur og miljø skal kjenneteikna verdsarvkommunen Lærdal, og me vil
ta vare på det me har att av urørd natur for komande generasjonar
gjera økologisk og annan miljømerkt mat til eige satsingsområde, med utgangspunkt i prosjektarbeidet kommunen alt driv
satsa på energisparing og ta miljøomsyn i alle kommunale bygg
gje støtte til enøk-tiltak
fylla Sogn kunstsenter med aktivitet og slik sikra kommunen og reiselivet ein ny fot å stå på
halda fram satsinga på Gamle Lærdalsøyri og reiselivssamarbeidet i regionen
Lærdal skal gjera seg fortent til tittelen Internasjonal kommune, og me vil
utvikla det vellukka samarbeidet med Jeriko, slik at både lærdøler og palestinarar kjenner at det handlar om likeverd og solidaritet
ta opp att «Rettferdig Handel»-systemet, som har lege nede siste åra i Lærdal kommune
arbeida for at flyktningar og innvandrarar skal vera velkomne til kommunen og få tilbod om opplæring, arbeid og bustad.
arbeida for å ta imot innflyttarar, både norske og utanlandske, på ein annan måte, mellom anna med å etablera faste møteplassar for nye lærdøler





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar