tirsdag 6. september 2011

Den vesle, viktige skilnaden


Media lagar i desse dagar store oppslag om SV-veljarar som vurderer å stemma på andre parti. Småpartia oppnår for lite, blir det sagt, så dei kan like gjerne stø dei store og sterke. Men er det slik? Nei, tenk berre etter kva saker SV faktisk har påverka og endra, både nasjonalt og lokalt:

- Full barnehagedekning har vorte så sjølvsagt at vi tek det for gitt. Utan SV hadde aldri tidenes barnehagesatsing kome.

- Alle seier dei ynskjer ein trygg og god skule. SV er det partiet som vil tilpassa skulen til alle elevar sine behov og gje meir praktisk tilrettelagd undervisning for dei som treng det. Og no har også forskarane slege fast kor viktig skulematen er for prestasjonane.

- Miljøkampen slit i motvind, bokstaveleg tala. Men utan press frå SV hadde Lofoten vore opna for oljeutvinning, og naturvernarbeidet hadde stått langt svakare, både lokalt og nasjonalt.

- Mangfald og integrering er mykje brukte honnørord. Utan SV hadde innvandringspolitikken vore enno meir restriktiv. Utan SV hadde skilnadene mellom rike og fattige vore enno større, og internasjonalt solidaritetsarbeid hadde stått langt svakare.

- Trygge, likeverdige helse- og omsorgstilbod vil alle ha. SV gjekk imot den omstridde helseføretaksmodellen og kjempar for lokalsjukehusa. SV seier konsekvent nei til at omsorgsarbeid skal vera ”business” som nokon skal tena seg rike på. Eit sterkt SV er garantisten for gode arbeidsvilkår for dei tilsette og trygge tenester til brukarane.

SV er så langt eit lite parti, og det er urimeleg å krevja at SV-politikken får fullt gjennomslag på alle område. Likevel utgjer SV ein klar og viktig skilnad, både nasjonalt og lokalt. Alle vi som inderleg ynskjer eit samfunn bygt på likeverd og solidaritet, mangfald og openheit, må no vakna opp og motbevisa medieoppslaga. På valdagen kan kvar og ein av oss vera med og gjera SV større og sterkare. Mange fleire modige SV-representantar i kommunestyra og i fylkestinget vil gjera skilnaden med at SV finst enno tydelegare. No har vi sjansen, kjære venner. Godt val!

Anna Jorunn Avdem

På SV-lista i Lærdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar