mandag 26. september 2011

Medlemsmøta i Ap og Sp godkjende avtale

Då er det klart at Senterpartiet og Arbeidarpartiet styrer Lærdal kommune også dei neste fire åra. Jan Geir Solheim frå Senterpartiet vert ordførar og Johan Nes frå Arbeidarpartiet vert varaordførar. Dette kan du lesa om på NRK Sogn og Fjordane (måndag kveld), men det kjem vel meir i Sogn Avis og på Porten.

Det er ikkje noko å leggje skjul på at me i SV gjerne ville vore med i eit samarbeid for å bidra til å styre bygda. Men me har ikkje fått noko respons hjå dei to største partia og må difor innstille oss på fire år i opposisjon. Når kabalen no er lagt, må me prøve å vere konstruktive og bidra til det beste for innbyggjarane.

Lærdal SV har medlems- og gruppemøte måndag 3. oktober kl. 20. Mest truleg i biblioteket, men endeleg stadfesting kjem seinare.

Alle på epostlista vår får innkalling, men nye medlemmar er hjarteleg velkomne! Ta gjerne kontakt med sekretær Jens Rikheim (mobil 913 31 599) eller underteikna (mobil 907 596 24) eller nokon av dei andre på lista om du ynskjer å vere med i SV.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar