fredag 2. september 2011

Programmet vårt?

Me har fått nokre reaksjonar på at me har sendt ut til husstandane ei brosjyre med presentasjon av kandidatane og noko me har kalt "verdipapir" - men ikkje sjølve det politiske programmet. Lærdal SV tek sjølvkritikk på den avgjerda, den var litt forhasta. Me beklagar!

Programteksten er no lagt ut på bloggen her (over).

Programmet vårt er også tilgjengeleg på SV sine partisider ("SV-der-du-bor"), men førebels litt vanskeleg å finne fram til. Me arbeidar med saka og vil leggja ut lenke så snart det er klart!

Du får også det trykte programmet vårt på valtorga:
• laurdag 3. september (Borgund 10–11.30, Ljøsne 12.30–14)  og
• 10. september (Lærdalsøyri 11–14).

Om du ynskjer det, kan du gjerne få Lærdal SV sitt program tilsendt som pdf-fil. Send ein epost, så ordnar me det!


Venleg helsing
Bente Øien Hauge, 2. kandidat

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar