tirsdag 13. september 2011
Lærdal SV auka frå to til tre representantar i kommunestyret. Takk for alle stemmer!
Kva for alliansar som tek styringa i formannskapet komande periode, er enno ikkje klart. Lærdal SV ynskjer sjølvsagt makt, og me er innstilt på samarbeid for å få posisjonar.
Me kjem att med oppdateringar når ting er avgjort.
NRK Valresultat Lærdal:
http://nrk.no/valg2011/valgresultat/kommune/kommune/1422/
søndag 11. september 2011
Nå er det velgerne som avgjør!
Det blir valgvake med de andre partiene på Kvammes, mandag kveld fra kl. 21.
Men SV begynner kvelden kl. 19 med gruppemøte på biblioteket for å diskutere sakene til kommunestyremøtet torsdag 15. september. De sakene finner du på Lærdal kommunes nettsider ved å klikke her.
lørdag 10. september 2011
Valtorg laurdag 10. september kl. 11-14 på Lærdalsøyri
"Kom innom standen vår på valtorget i dag, da vel! Vi er åpne for innspill, spørsmål og kommentarer! Du kan få programmet vårt, skikkelig godt valgflesk, en kopp kaffe - og en rettferdig sjokoladebit til slutt. Hjertelig velkommen!"
fredag 9. september 2011
Med fleire SV-arar i kommunestyret kan Jan Olav bli ordførar
SVs sluttappell, ved 2. kandidat Bente Øien Hauge, etter den politiske paneldebatten i Lærdal kulturhus torsdag 8. september 2011:
SV er et viktig rødgrønt alternativ i kommunestyret i Lærdal, selv om det ikke er de store uenighetene mellom oss som sitter her i panelet.
tirsdag 6. september 2011
Den vesle, viktige skilnaden
Media lagar i desse dagar store oppslag om SV-veljarar som vurderer å stemma på andre parti. Småpartia oppnår for lite, blir det sagt, så dei kan like gjerne stø dei store og sterke. Men er det slik? Nei, tenk berre etter kva saker SV faktisk har påverka og endra, både nasjonalt og lokalt:
- Full barnehagedekning har vorte så sjølvsagt at vi tek det for gitt. Utan SV hadde aldri tidenes barnehagesatsing kome.
- Alle seier dei ynskjer ein trygg og god skule. SV er det partiet som vil tilpassa skulen til alle elevar sine behov og gje meir praktisk tilrettelagd undervisning for dei som treng det. Og no har også forskarane slege fast kor viktig skulematen er for prestasjonane.
- Miljøkampen slit i motvind, bokstaveleg tala. Men utan press frå SV hadde Lofoten vore opna for oljeutvinning, og naturvernarbeidet hadde stått langt svakare, både lokalt og nasjonalt.
- Mangfald og integrering er mykje brukte honnørord. Utan SV hadde innvandringspolitikken vore enno meir restriktiv. Utan SV hadde skilnadene mellom rike og fattige vore enno større, og internasjonalt solidaritetsarbeid hadde stått langt svakare.
- Trygge, likeverdige helse- og omsorgstilbod vil alle ha. SV gjekk imot den omstridde helseføretaksmodellen og kjempar for lokalsjukehusa. SV seier konsekvent nei til at omsorgsarbeid skal vera ”business” som nokon skal tena seg rike på. Eit sterkt SV er garantisten for gode arbeidsvilkår for dei tilsette og trygge tenester til brukarane.
SV er så langt eit lite parti, og det er urimeleg å krevja at SV-politikken får fullt gjennomslag på alle område. Likevel utgjer SV ein klar og viktig skilnad, både nasjonalt og lokalt. Alle vi som inderleg ynskjer eit samfunn bygt på likeverd og solidaritet, mangfald og openheit, må no vakna opp og motbevisa medieoppslaga. På valdagen kan kvar og ein av oss vera med og gjera SV større og sterkare. Mange fleire modige SV-representantar i kommunestyra og i fylkestinget vil gjera skilnaden med at SV finst enno tydelegare. No har vi sjansen, kjære venner. Godt val!
Anna Jorunn Avdem
På SV-lista i Lærdal
fredag 2. september 2011
Lærdal SV: Program for 2011-2015
Programmet vårt?
Me har fått nokre reaksjonar på at me har sendt ut til husstandane ei brosjyre med presentasjon av kandidatane og noko me har kalt "verdipapir" - men ikkje sjølve det politiske programmet. Lærdal SV tek sjølvkritikk på den avgjerda, den var litt forhasta. Me beklagar!Programteksten er no lagt ut på bloggen her (over).
Programmet vårt er også tilgjengeleg på SV sine partisider ("SV-der-du-bor"), men førebels litt vanskeleg å finne fram til. Me arbeidar med saka og vil leggja ut lenke så snart det er klart!
Du får også det trykte programmet vårt på valtorga:
• laurdag 3. september (Borgund 10–11.30, Ljøsne 12.30–14) og
• 10. september (Lærdalsøyri 11–14).
Om du ynskjer det, kan du gjerne få Lærdal SV sitt program tilsendt som pdf-fil. Send ein epost, så ordnar me det!
Venleg helsing
Bente Øien Hauge, 2. kandidat










